Med 34 band på programmet, ny scene, og strålande ver, kan festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal seie seg meir enn nøgd med årets Malakoff Rockfestival.
Endret: 25.07.2010 kl. 17:08
Før festivalen garanterte Arnt-Ivar Naustdal sommarver, og denne gongen også talte han i vergudane sin favør. Med over 20 grader og skyfrihimmel, var det over 6.000 glade festivalgjengarar å sjå på Malakoff første dagen.
- Eg er ikkje anna enn superfornøgd, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal om årets festival.
Vi var nok ein gong heldige med veret. Vergarantien trur eg publikum var ekstra nøgde med, smiler Naustdal.
Laurdag var heller ingen dårleg dag for Malakoff Rockfestival.
Det var over 7.000 registrert betalande, men i tillegg til dette var det ein heil del fleire i publikum. Både frivillige og akkrediterte. Totalt sett har det vore over 13.000 besøkande i helga, noko som er eit flott besøkstal, seier Naustdal.
I tillegg til dette var det over 200 personar innom "kick-off-konserten" torsdag med Ingrid Olava på den nye scena "Gymmen".
- Kick-off-konserten på Gymmen var nesten utsolgt, og Ingrid Olava spelte for fullsatt gymsal. Dette vart ein kjempestart for festivalen, seier Naustdal.
Les meir om festivalen i måndag- og onsdagsavisa
