Stryn sin første gummibåtfestival

Stian Bøe og Pål Henning Jørgensen er to av arrangørane til Stryn Gummibåtfestival som skal føregå langs Stryneelva.
Førstkomande laurdag vert den første gummibåtfestivalen i Stryn arrangert.
Birgit Mikalsen Nedreberg
Publisert: 29.07.2010 kl. 11:11
Endret: 29.07.2010 kl. 11:11

Ein laurdag det ikkje var så mykje å gjere på i Stryn, tok Pål Henning Jørgensen, Stian Bøe, Kristoffer Nygård og Emil Solheim med to gummibåtar og la seg på Stryneelva. Dette vart ei oppleving dei gjerne ville dele med mange andre, og no arrangerer dei Stryn sin første gummibåtfestival.

- Vi ville at alle andre skulle sjå kor fantastisk det er å ligge i ein gummibåt og nyte naturen langs Stryneelva. Då kunne vi ikkje sjå ein betre måte å vise fram Stryn på, enn å arrangere gummibåtfestival, seier Jørgensen.

Ungdomane er ute etter å lage til eit triveleg arrangement, og understrekar at det ikkje skal vere nokon fyllefest.

- Dette er noko vi gjer for kosen si skuld. Det er kjekt å kunne samle forskjellige folk til eit kjekt arrangement, og festing blir det, men ikkje før seinare på kvelden. Sjølve gummibåt-turen vert for å nyte naturen på ein annan måte. Det er så dramatiske formasjonar langs Stryneelva, og om veret er med oss, så må jo dette vere ein optimal måte å nyte heimbygda si på, seier Bøe.

Les meir i papirutgåva