Fullt telt og stor stemning

Birger Meland Foto: Brynjar Trydal Solheim

Sommardagane i Utvik fekk ein god start fredag kveld.

Brynjar Trydal Solheim
Publisert: 31.07.2010 kl. 11:33
Endret: 31.07.2010 kl. 11:35

Trass 14 grader og regn kom det over 200 personar for å få med seg konserten med Birger Meland og "Etter fjøstid, Utvikversjonen" av Roy Aron Myklebust fredag kveld under Sommardagane i Utvik.

Birger Meland har 40 års jubileum som musikar på scena. Konserten fredag var ei reise gjennom alle desse åra.

Den siste låta var ei avskjedslåt han har skrive. Publikum svarte med ståande applaus.

- Var dette din siste konsert?
- Etter 40 år på scena så er det på tide å gi seg, men Kjell Bækkelund hadde vel 70 avslutningskonsertar. No har eg hatt min fyrste, seier Birger Meland med eit smil etter konserten.

- Den responsen eg fekk frå publikum, den varma, seier han med ei tåre i augekroken.

Roy Aron Myklebust fekk også god respons frå publikum.

- Det var eit flott publikum som var med på poenga, seier Myklebust

Les meir om Sommardagane i Utvik i papiravisa måndag