Folkemusikk i Randabygd kyrkje

Arne M. Sølvberg er ein av hovudaktørane under konserten i Randabygd kyrkje. Foto: Inge Fenn
Tysdag kveld opnar Randabygd kyrkje dørene for folkemusikken. Ein konsert med musikk, song og også ord om den religiøse tradisjonen i folkemusikken.
Inge Fenn
Publisert: 20.08.2010 kl. 13:28
Endret: 20.08.2010 kl. 13:40

Arne M. Sølvberg og Nordbygda spelemannslag blir hovudaktørane under konserten i Randabygd kyrkje tysdag kveld. Arne Sølvberg skal spele både hardingfele og vanleg fele. Han skal fortelje om folkemusikktradisjonen og han skal også spele på fløyte med organist Oddvar Bergset ved orgelet.

Det blir også song ved Solveig Rand.

Ideen til denne spesielle konserten kjem frå Jon Tvinnereim som spelar i Nordbygda spelemannslag. Det er ikkje lenge sidan dei to bygdene vart knytte saman med veg, og no også i musikken.

Vi skal opne med ein brudemarsj, men det blir også vanlege slåttar. Mellom anna slåttar i tradisjon etter tidlegare spelemenn i Randabygda. Sølvberg vonar at dette skal bli både ein fin kveld og ein litt spesiell kveld i kyrkja.

Kyrkja er eit fantastisk konsertlokale, seier han.