Singerheimen går nye vegar

Lyngve Nesje og Margreta Navelsaker framfor Singerheimen. Foto: Inge Fænn

Singerheimen går nye vegar for å styrke økonomien.

Inge Fænn
Publisert: 06.09.2010 kl. 09:38
Endret: 06.09.2010 kl. 09:40

- Det er ikkje tvil om at vi treng meir pengar. Som stifting kan vi ikkje ta opp lån, og det er ein bremsekloss for utviklinga. Alt vedlikehald må gå over drifta, og då må vi også ha vitjing av folk som legg att pengar, seier dagleg leiar Lyngve Nesje og Margreta Navelsaker som har vore styreleiar sidan 2004.

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på nye mulegheiter. Onsdag er det lokale næringslivet invitert til lunsj og dei rettar også augo mot cruisetrafikken.

- Vi har overnattingskapasitet på omlag 30 senger, og vona er at næringslivet kan legge fleire mindre møte med overnatting hit. Det er overnattinga som gjev inntekt, seier dei to og viser rundt i bygningen som har ein sus av historie i kvart einaste rom.

- Tidlegare hadde vi litt pengar på bok, men alt gjekk med då vi skulle sikre bygningen mot brann med overrislingsanlegg. Det var eit krav som måtte oppfyllast med tanke på overnatting, fortel dei.

Det er gjort ein framstøyt mot cruisetrafikken, og dei har fått gode tilbakemeldingar frå båtane med amerikanske og engelske turistar.

- Vi ønskjer å inngå eit samarbeid for 2011 sesongen der båtane kan tilby dette som ei utflukt. Singerheimen kan ta mot inntil tre grupper per båt på maks 20 personar. Byrå har ansvar for sal, marknadsføring og transport til Singerheim, går det fram av prosjektrapporten for utvikling av Singerheimen i perioden 2010 - 2012.

Les meir i papirutgåva