Søndag anmeldte ei ung jente tre unge menn for valdtekt. Kort tid etter at politiet starta etterforskinga ulike stader i Nordfjordeid sentrum, var saka ute i media. Politiet stadfesta at ei ung jente hadde levert anmeldelse for valdtekt. Men var forsiktige med å uttale seg om saka.

I ei sak med fleire unge involverte og med påstand om valdtekt, bør det vere innlysande at ein skal vere forsiktig både med å uttale seg og trekkje konklusjonar på eit tidspunkt der politiet så vidt er komen i gang med etterforskinga. I fleire media, blant anna NRK, vart saka nemnt som «valdtektssaka» sjølv om dei tre mistenkte aldri har vore sikta for valdtekt. VG gjekk tidleg ut på gata i Eid og intervjua så vel offentlege personar som privatpersonar, og let desse uttale seg om noko ingen visste realitetane i.

Etter at intervjuet var publisert, konkluderte politiet med at hendingane fann stad på ulike stader i Eid sentrum, til ulike tidspunkt, og utanom festivalområdet til Malakoff rockfestival. Og etter avhøyr av dei tre sikta konkluderer politiet med at det ikkje er grunnlag for å sikte nokon av dei for valdtekt, men for seksuell omgang med ein mindreårig.

Seksuell omgang med mindreårige er straffbart og alvorleg. Valdtekt er mykje meir alvorleg. Det er opp til politiet og domstolen å finne ut av kva som faktisk har skjedd og dømme ut frå dette. Dersom VG gjennom måten dei har intervjua folk på har bidrege til urettvist å stemple tre menn som valdtektsforbrytarar, har både VG og avisa sine intervjuobjekt gjort seg skuld i alvorlege etiske overtramp.

Media har ei viktig oppgåve i å fortelje om alle type straffbare forhold. Men særleg der unge er involverte og der graden av straffbare forhold ikkje er avklart, har media ei særs viktig oppgåve i å trø varsomt. Det synest det som om fleire har gløymt i denne saka.

Pressen sin Vær Varsomplakat seier i punkt 4.5:

«Unngå forhåndsdømming i kriminal- og rettsreportasje. Gjør det klart at skyldspørsmålet for en mistenkt, anmeldt, siktet eller tiltalt først er avgjort ved rettskraftig dom. Det er god presseskikk å omtale en rettskraftig avgjørelse i saker som har vært omtalt tidligere.»

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør