- Stryn Energi er klare for utbygging av breibandløysing og fiber til alle heimar frå Årheimsvegen i vest til Mindresunde i aust. Denne veka er to karar engasjert av Enivest i ferd med å kontakte dei 142 potensielle kundane på strekninga med tanke på aktuelle innhaldstenester,  slik som internett, telefoni, mobil og breiband m.m. Enkelte gjer også bestillingar til kårhus, seier Jan Træen i Stryn Energi.

- Stryn Energi skal levere, etablere og drifte breibandnettet med innhaldstenester, Enivest leverer innhaldstenestene, og Relacom skal vere fysisk entreprenør engasjert av Stryn Energi, opplyser Træen.

- Kva skjer framover?

- Oktober er kampanjeperiode, og dei to frå Enivest håpar å nå over alle abonnentar innan torsdag. Vi har også gitt ut informasjon. Vi har frist med Stryn kommune om å bli ferdig med utbygginga før 1. september 2016, og kundane  får tenestene levert før ferien neste år, seier Jan Træen.

Træen er glad for at fylket har fått heile 18 millionar som tilskot til breiband for 2015 av totalt 109,5 millionar i heile landet. Vårt fylke fekk mest. Av dei 18 millionane, fekk Stryn kommune nesten to millionar kroner til Loen-Lodalen-Rake-Oppheim-Marså. Hornindal har fått litt over 1,1 mill. kroner til Svor,Kjøs og Maurset.