Før helga fekk ordførar Sven Flo vite at Norsk Mottaksdrift har levert tilbod til UDI på å drive asylmotik med mellom 120 og 200 plassar I Stryn kommune.

-  Eg er provosert og frustrert over at Norsk Mottaksdrift AS heller ikkje denne gongen tok kontakt med Stryn kommune på førehand, seier Sven Flo  til Fjordingen.

– Kvifor reagerer du så sterkt?

– Fordi vi gjennom to tidlegare rundar med Norsk Mottaksdrift AS gav klar beskjed om kor viktig det er med dialog i forkant av slike søknader. Når dei så for tredje gong går til UDI utan å ta kontakt med oss som skal ha hovudansvaret for skule, barnehage, helsetilbod m.m., finn eg grunn til å reagere.

– Ordføraren kjende ikkje til at Norsk Mottaksdrift AS hadde planar om å etablere asylmottak i Stryn?

– Nei, eg høyrde ikkje noko før det kom brev om at dei hadde levert tilbod til UDI.

– Veit du eksakt kor mange plassar og kva type asylsøkjarar det er snakk om i Stryn?

– Ifølgje brevet skal mottaket ha mellom 120 og 200 plassar. I tillegg vil avtalen ha to opsjonar på 30+30 plassar. Det blir opplyst at det her er snakk om eit ordinært asylmottak med vaksne, familiar og einslege med barn.

– Kva gjer Stryn kommune i situasjonen som no har oppstått?

– Vi har avtalt møte med UDI torsdag 15. oktober. Det blir også stilt krav om at representantar for Norsk Mottaksdrift AS møter oss i Stryn i same tidsrommet. Dette ut ifrå at søknaden skal handsamast allereie 23. oktober og med avtalesignering første veka i november. Etter det vi har fått opplyst, er det snakk om etablering før jul.

– Veit ordføraren kva bygningsmasse som er aktuell?

– Nei, og det er noko som gjer meg forferdeleg frustrert, seier Sven Flo.

– Du har vel forståing for at også vår kommune må ta ansvar for det som er ein nasjonal dugnad?

– Ja, men det betyr ikkje at ein kan fråskrive seg ryddige og gode prosessar. Min kritikk i denne saka går på framgangsmåte og ikkje behovet for å hjelpe folk i naud. Det er viktig å få presisert. Og apropos dugnad; Stryn har sidan midten på 1980-talet vore vertskommune for fleire asylmottak og sørga for busetjing og integrering av mange hundre flyktningar. Eit arbeid vi har fått pris for. Dugnad i forhold til flyktningar er noko vi i Stryn gjer kvar dag, i motsetning til Norsk Mottaksdrift AS som profitterer på asylmottak. At vi skal måtte springe etter dei for å innhente informasjon om etablering i vår kommune, er ein uhaldbar framgangsmåte. Noko eg hadde trudd at Norsk Mottaksdrift AS forstod etter tidlegare møte med Stryn kommune.

– Til slutt ordførar Svein Flo; kva trur du blir utfallet av denne saka?

– Det er vanskeleg å forskottere. Men det er veldig viktig at kommunen får skikkeleg informasjon om planane. Ikkje minst for å unngå problem som har oppstått andre stadar der det er etablert asylmottak utan skikkeleg involvering og dialog. Dette er ting vi kjem til å vektlegge i møta med UDI og Norsk Mottaksdrift AS.