Regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett viser at Stryn kommune får auka sine statlege overføringar med 12,5 millionar kroner. Det er 8,6 millionar mindre enn i fjor.

Stryn vil etter framlegget få 400.439.000 kroner i frie inntekter frå staten. Det er 12.558.000 kroner meir enn i fjor. Auken frå 2015 til 2016 tilsvarar 3,2 prosent. I 2005 var tilsvarande prosentvis auke  5,7 prosent, noko som gjorde Stryn til ein av budsjettvinnarane.