- Auken i dei statlege overføringane er ikkje nok til å dekkje løns- og prisvekst i 2016,  seier økonomisjef Brita Sollid.

Hornindal kom dårleg ut ved framlegging av statsbudsjettet i fjor. Og endå verre vart det denne gongen. Auken på 2,6 prosent er godt under fylkessnittet og landsgjenomsnittet.

- Kva er årsaka til at Hornindal kjem så dårleg ut når det gjeld statlege overføringar, økonomisjef Brita Sollid?

- Så vidt eg kan sjå, har det samanheng med folketal og alderssamansetjinga.  At vi opplever nedgang i aldersgruppa 0-17 år, medfører mindre pengar frå staten. Det er også ein del andre forhold som slår negativt ut for oss.

Hornindal fekk i 2014 eit underskot på 3 millionar kroner og ligg også an til underskot i 2015. Med statlege overføringar som ikkje dekkjer løns- og prisvekst, betyr det at politikarane i Hornindal får store utfordringar når dei skal vedta budsjettet for 2016.