Hornindal Bondelag, Hornindal Bygdekvinnelag, Lions Club Stryn ogarrangørgruppa for verdensdagen for psykisk helse inviterer tilopen bondekafé med eit nært og personleg foredrag om psykisk helse ved Per Gussgard (47). Dette skjer 13. oktober i kantina i Honndalshallen. Fokuset for årets verdensdagarrangement er menn si psykiske helse –og å kaste maska.

I foredraget vert det fokusert på å ikkje stååleine om ein har det vanskeleg. Gussgard hadde sjølvfleire rundar med innleggingar i psykiatrien mellom 1990 og 1998.Han har gjennom hardt arbeid lært å leve godt med si eiga bipolarediagnose og vore støttespelar for andre med liknande utfordringar.

Dei siste 15 åra har Gussgard vore i full jobb som pedagog, mellom annasom lektor i realfag og kontaktlærar i ungdomsskolen. I dag er hantilsett som seniorrådgjevar ved Norges miljø- og biovitenskapeligeuniversitet. Per har eit ynskje om å kunne bidra til aukaforståelse for psykiske lidelsar i dagens samfunn.