Ordførar Sven Flo hadde forventingar til at det i framlegget til statsbudsjettet ville kome pengar til etablering av landslinje i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.

- Eg er forferdeleg skuffa over at det ikkje står noko om oppretting av slik landslinje i Stryn, seier Sven Flo til Fjordingen.

- Betyr dette at kampen for skiskytarlinja i Stryn er tapt?

- Nei, på ingen måte. Dette gjev eg meg ikkje på. Eg har allereie snakka med stortingsrepresentant Bjørn Lødemel for at vi skal fylgje opp denne viktige saka. Eg har også fått stadfesta at søknaden om landslinje i skiskyting ligg til l handsaming i departementet. Så her må vi berre stå på, understrekar Sven Flo.