For tredje år på rad har TINE Meieriet Byrkjelo og fylkeskommunen samarbeiddom kantinekurs i Sogn & Fjordane. Dette for kantineansvarlege og kantinemedarbeidarar i heile fylket. Kurset vart arrangert på Fosshaugane Campus i Sogndal med 25deltakarar.

- I år var det særskilt fokuspå berekraft og matsvinn. Staten har sett som mål at minst 15 % avmatproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2020, ogdet er ein god stad å starte med kantinemedarbeidarane,  seier GryTokvam.

Det er TINE Meieriet Byrkjelo og Fylkeskommunen,Partnerskap for Folkehelse, som står bak arrangementet.Kantinekurset omfattar både privat og offentleg sektor.

- I følgjemiljøstatus.no kastar kvar og ein av oss i snitt 46 kilo mat i året, og då er ikkjesvinn i landbruket og det som blir kasta frå restaurantar oginstitusjonar teke med i reknestykket, seier Unni Verlo, Personalog HMS-leiar i TINE.

Samlinga starta med ei inspirasjonsøkt ved Rasmus Mo.Fagprogrammet hadde ein innleiande teoridel ogderetter praktisk matlaging med demonstrasjon og eigenaktivitet.