Politiet meiner seg ferdig med etterforskinga av saka der ei 15 år gammal jente meldte tre unge menn frå Nordfjord for valdtekt i juli i år. Hendingane politiet har brukt to og ein halv månad på å etterforske skal ha skjedd i Nordfjordeid sentrum, til ulike tidspunkt og på ulike stader same helg Malakoff rockfestival vart arrangert.

-Vi er no ferdige med ei lang rekkje vitneavhøyr og har gått gjennom mange videopptak frå sentrumsområdet i Eid den aktuelle natta. I løpet av etterforskinga har det ikkje kome nye opplysningar som endrar vår oppfatning av kva som har skjedd, seier lensmann Webjørn Moa til Fjordingen.

- Kva ligg i det?

- At det er politiet si haldning å fasthalde sikting for seksuell omgang med mindreårig. Vi meiner det ikkje har vore noko valdtekt, men frivillige samleie, seier Moa.

I løpet av dei neste par vekene vil politiet ha møte med påtaleansvarleg for å gå gjennom etterforskingsmaterialet og kva politiet går inn for.

- Så vert det opp til påtaleansvarleg å ta saka vidare, seier Moa.

Mennene som er sikta i saka er i alderen 17-19 år og kjem frå ulike delar av Nordfjord. Alle har i følgje politiet innrømt samleie men nekta for valdtekt. Dei har alle vore inne til avhøyr fleire gonger i samband med etterforskinga. Den 15 år gamle jenta som var på besøk på Nordfjordeid den aktuelle helga står i følgje lensmann Moa framleis fast på anmeldelse av valdtekter. Også ho er blitt avhøyrd fleire gonger, blant anna i form av dommaravhøyr.

Dei ulike episodane som er blitt etterforska skjedde på ulike stader i Nordfjordeid sentrum, men utanom festivalområdet til Malakoff Rockfestival.