Hausten er ei fin tid ute i den fargerike naturen. Slik også på Tverrfjellet. Mange finn glede og oppleving i turløypene.

Den etterlengta brua over elva bak Holsetra vart denne veka einrealitet. Byggverket glir fint inn i naturen.No vert det trygt å passere elva på ski i Panoramaløypa, og finovergong om sommaren.

Av arbeid og vedlikehald elles har Turløyper Stryn utført ein del kantklipping. Vidare er løype på slutten av fjorårets nye nedfartfrå Turrhaugen mot Ullsheim utvida.  Dei har også leigt flishoggarmaskin til åprodusere flis frå nyfelt skog frå Hydla hyttegrend. Denne skalnyttast frå Hydla mot Tverrfjellet og i deler av lysløypa. Her ertoppdekket byrja å skrante og treng påfyll.

- Om vi får gjort dettearbeidet i haust, er det veret og tida som avgjer, opplyser Turløyper Stryn.

Slik såg det ut før brua kom. (Foto: Turløyper Stryn)