Tidlegare i dag fortalde Fjordingen at begge dei planlagde framsyningane til Sogn og Fjordane Teater (SoFT) i Stryn var avlyst grunna lite førehandssalg.

SoFT gjennomfører i desse dagar ein noko utradisjonell turné, der dei samarbeider med lokale hotell i fylket om oppsetjing av Strindberg-stykket Dødsdansen. Tanken er intime og eksklusive førestillingar med servering.

- Forhistoria til dette var ein teaterdebatt og kva publikum vil ha, fortel avtroppande teatersjef Terje Lyngstad. Der vart det mellom anna diskutert repertoar og at det er lite folk einskilde stader. I debatten kom det eit konkret innspel:

- Ein kan vel setje opp eit stykke som Dødsdansen kvar som helst, spurte ein av deltakarene. Vi valde å ta henne på ordet. Stort sett tykkjer eg vi har lukkast, seier han, og viser til blant anna fire utselde framsyningar på Åmot operagård, og elles godt salg i Skerjehamn og på Balsnes Gard.

- Dårlegast fotfeste i Nordfjord

Lyngstad må derimot innrømme etter 12 år i sjefsstolen ved SoFT, at Nordfjord er eit område dei generalt har hatt dårleg taket på.

- Vi har nok alltid hatt svakast fotfeste i Nordfjord. Men hovudsetet ligg i Sunnfjord og tilknytinga er kanskje sterkare her, seier han.

Lyngstad tykkjer det sjølvsagt er skuffande med avlysingane ved Hjelle Hotel og Visnes Hotel, men her måtte medarrangørane si stemme vege tungt av økonomiske årsaker.

- Vi kunne gjennomført med berre to-tre i salen, men litt av greia her er at dei som arrangerer skal kome ut i pluss. Det er trasig at det ikkje slo til, seier Lyngstad.