Denne veka fullførte Arvid Hatledal arbeidet med brubygging over Saurdalselva ovanfor Holsetra, i den såkalla Panoramaløypa. Delane til brua har vore på plass lenge.

- Eg køyrde opp det eg trengte på snøen i vinter. Det hadde ikkje vore muleg å kome opp med alt i sommar. Det gjekk med ganske mykje stein, i tillegg til seks store bruelement i betong, fortel Hatledal, som også har bygd ei liknande bru nedanfor Holsetra tidlegare.

- Men den trur eg ikkje så mange har lagt merke til. Ein tenkjer vel ikkje over at ein går over ei bru i det heile, ler han.

Miljøbru

Akkurat det skuldast kanskje måten dei to bruene er bygd på. Han fortel at han har gjort seg flid med bygginga og vektlagt at brua skal gli inn i terrenget.

- Det har blitt ei miljøbru, kan du seie. Eg har dekt på med torv og lyng og skjult betongen, fortel Hatledal.

Brua var viktig å få på plass, med tanke på tryggare løyper vinterstid.

- Eg har tidlegare fyllt på med snø over elva, men når det er mildvêr demmer det seg opp og vatnet slår igjennom. Eg har sjølv falle gjennom med trakkemaskina og nesten køyrt meg fast, så det har ikkje vore heilt trygt, fortel han.

Men no kan ein altså trygt krysse elva på den 7,5 meter breie brua.