Mellom dei seksten løparane som stilte til start på Gloppen Halvmaraton søndag, vart det årsbeste på dei fleste, melder arrangøren Fjellhug/Vereide.

- Nydeleg haustver gjorde Gloppen Halvmaraton til ei god opplevingfor deltakarane, og lovorda var mange då løparane i tur og orden kom imål på årsbeste-tider, seier Dagfinn Nyhammer hos arrangøren.

Ikkje uventa var det ein oldar som la bak seg dei 21.098 metrane raskast. Helge Hafsås sprang inn til 1.18.25. Vi merkar oss også ei god tid på Inge Asbjørn Haugen, Hornindal, som sprang på 1.41.24. Ein annan oldar, Einar Strand (M55-59) sprang på 1.58.03.

Løpet som vart arrangert første gong i fjor er kome for å bli, trur Nyhammer, som er leiar i friidrettsgruppa.