I helga vart det årlege stemnet "Bergen Open"arrangert av Bergen Sportsskytterklubb. Nok ein gong viste Tor Martin Kandal frå Stryn at han er å rekne med i landstoppen innan den litt spesielle skytesporten, dynamisk pistolskyting.

I det to dagar lange stemnet var det berre landslagssjefen som klarte å tukte Kandal i Standard-klassen, der 32 skyttarar deltok.

- Eg var kun slått av landslagssjef Lars Syversen, og det var skyttarar frå både Norge ogSverige som deltok i Standard-klassa, seier ein nøgd Kandal.

Stryn var også representert iProduction-klassa under stemnet, der Olav Rune Heggestad tok en 14.plass og Kenneth Breidablik en 17. plass, av totalt 31 skyttarar.