Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris 2015 i Sogn og Fjordanegår til Åmot Operagard. Prisen blei tildelt med bakgrunn i atbedrifta har utvikla eit vellukka driftskonsept som er bådeoriginalt og nyskapande.

Nasjonal posisjon

Garden er blitt ein arena for produksjon avkultur-opplevingar innanfor eit spekter av opera/teater ogkonsertar, selskap og bryllaup, gardskjøkken og restaurant, møterog arrangement og overnatting.

- Slik har Åmot Operagard teke einnasjonal posisjon som ei av dei mest nyskapande kultur- ogreiselivsbedriftene i landet, sa styreleiar Jenny Følling iInnovasjon Norge under utdelinga.

Bedrifta har dei siste åra hatt ei positivutvikling i omsetnad og resultat, og drivarane av bedrifta, Steinar Sørliog Yngve Brakstad, blir trekt fram som viktige ressurspersonar i norskreiseliv.

- Når kundesegment ein ikkje før har nådd

- Dei tenkjer nytt og utradisjonelt og samarbeider godt medrelevante aktørar, både lokalt og regionalt og nasjonalt. Dettebidreg til etablering av internasjonale nettverk. Slik frontar deiei utvikling av ei lokal/regional kultur- og matklynge, leggpremissar og utviklar kompetanse og gode kunderelasjonar både ieiga bedrift og hos sine leverandørar og samarbeidspartnarar. Slikhar dei etablert relasjonar til kundesegment som ein her i fylketikkje har nådd tak i tidlegare, seier direktør Halvor Flatland iInnovasjon Norge.

Kandidat til nasjonal pris

Bygdeutviklingsprisen er på kr. 50.000 og vart delt ut av styreleiar iInnovasjon Norge Sogn og Fjordane, Jenny Følling, under opninga avFylkestinget i Førde, tysdag. Som prisvinnar i Sogn ogFjordane går Åmot Operagard vidare som kandidat til InnovasjonNorge sin nasjonale Bygdeutviklingspris der vinnaren får 250.000kr.