I midten av november er det klart for den årlege felles kultursatsinga i Nordfjord, Kulturnatta. Stryn kommune er klare med sitt program, og her spenner det frå spøkelsesløype til lyrikk og musikk.

- Vi legg opp til at Kulturnatta byrjar allereie rett etter skule og arbeid. Her kan ein senke skuldrane og kome og kjøpe seg tacobuffet i kulturhuset, kanskje også få tid til ein tur i svømmehallen før programmet startar, seier Kari-Ann Kaspersen frå programgruppa.

Mange involvert

Ei viktig målsetjing i arbeidet med programmet har vore å involvere alle aldersgrupper.

- Vi prøvar også å invitere med flest muleg aktørar i kommunen. Aldersheimane i Vikane og Stryn er involvert og Telegrafen har ope heile kvelden, fortel Kaspersen for å vise noko av spennet.

- Spøkelsesløypa er noko nytt vi prøver, og her oppmodar vi ungane om å stille i skumle kostyme, seier ho, og meiner det er eit flott høve til å ta fram att eventuelle Halloween-kostyme.

Løfte fram tilbod

Kaspersen framhevar også Musikkbingen som eit tilbod ein set eit ekstra fokus på denne kvelden.

- Vi ønskjer å løfte fram den og gjere ungdom klar over tilbodet. Den blir open heile kvelden og her blir representantar frå Stryn ungdomsråd som vil informere om bingen, seier ho.

Nedrebergstunet stiller også trufast på med aktivitet utover kvelden. Her skal Arne Sølvberg leie ei økt med musikk og lyrikk. Arrangøren oppmodar folk om å allereie no leite fram sine favorittdikt og ta med desse for å dele med andre kulturnatta.

Programmet elles består av både utstillingar og konsertar, miniatyrskyting og muikkjam på Visnes Hotel. Mange av tilboda er kostnadsfrie.

- Det skal vere eit lågterskeltilbod, og vi håpar på yrande liv i sentrum denne kvelden, avsluttar Kaspersen.

Med seg i programkomiteen har ho hatt Kristin Hatledal (Stryn bibliotek), Ketil Rasmussen (Kulturskulen), Torill M. Nedreberg (Nedrebergstunet) og ungdomskontakt Nella-Katrin Flo Tonning.