- Eg har nettopp fått melding frå UDI om at dei har godkjent Norsk Mottaksdrift AS sin søknad om desentralisert asylmottak i Stryn, opplyser ordførar Sven Flo til Fjordingen.

- Kva skjer no?

- Eg freistar å kome i kontakt med Norsk Mottaksdrift for å få vite kvar dei skal etablere mottaket, slik at kan gå ut med informasjon og tilrettelegging frå kommunen si side, seier Sven Flo.

Vedtaket i UDI betyr at det vil kome 150 asylsøkjarar til Stryn kommune før årskiftet, dei første 100 i november. Der ligg også inne opsjon på at ein kan busetje ytterlegare 30+30,  dvs. totalt 210.