- Dette er dei største ordrane vi har underteikna på ein dag nokon gong for Vest Buss Norge. Dette er eit stort løft for oss, fordi anboda svingar, seier salsdirektør Odd Gunnar Tunold etter at han fredag underteikna kontrakter med Nettbuss på den store bussmessa Busworld 2015 i Belgia.

Heile 121 bussar skal leverast før 1. juli neste år. Verdien på ordrane er ein stad mellom 180 og 200 millionar kroner. Bussane kjem til Norge frå produsenten Iveco Bus i Tsjekkia frå april månad. Deretter tek Vest Buss Norge jobben med klargjering, ein del ettermontering, slik som skiltkasser, overvakingssystem m.m. I tillegg til desse leveransane, skal 22 bussar også klargjerast for Firda Buss i Sunnfjord. Datoen her er også 1. juli.

- Kvar set Nettbuss inn dei nye bussane?

- 60 bussar går til Glåmdalen (Kongsvinger), 55 til Grenland (Skien) og 6 til Bergen. Det dreier seg hovudsakleg om den store bussmodellen Crossway med 45 sitjeplassar. Dei fleste skal gå i skulekøyring og nokre til by-/forstadskøyring.

- Det dreier seg ikkje berre om sjølve bussalet. Desse anboda varer i 10 år. Det vil seie at vi også skal ha service/vedlikehald, seier Tunold.

Iveco Bus produserer alle bussane, og det er Vest Buss Norge med hovudkontor i Stryn som har salsagenturet i Norge og Sverige. I Stryn er det alt 32 tilsette, og alle aktivitetar med service/verkstad delesal  og administrasjon er samla i Visnes Industripark.

Tunold legg til at det i samband med den store leveransen til Austlandet er aktuelt for ein del av arbeidsstokken i Stryn å utføre arbeid med klargjering ved verkstaden Vest Buss Norge har i Lillestrøm. Vest Buss Norge har også med tanke på service/vedlikehald m.m. planar om å starte opp eige verkstad i Grenland-regionen.