Turnhall i Stryn er blant anlegga som kan få viktig økonomisk støtte på 4,5 millionar i 2019.

Dette er eit av forslaga når hovudutval for næring og kultur skal behandle forlenging av planperiode og rullering av handlingsprogramma for regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv i møte tysdag 24. november.

Fylkesrådmannen føreslår å setje av 98 millionar kroner i spelemidlar til nye idrettsanlegg dei neste fire åra. Satsinga på fysisk aktivitet og friluftsliv skal halde fram. Fylkestinget vedtek saka endeleg 8. desember.

Spelemidlar til nye anlegg

Evalueringa av planen så langt viser god måloppnåing. «Fysisk aktivitet for alle» er visjonen, og fylkeskommunen er ein pådrivar, med mynde frå Kulturdepartementet til å fordele spelemidlar.

I ny planperiode 2016–2019 føreslår fylkesrådmannen å setje av spelemidlar til 49 nye anlegg i handlingsprogrammet. 10 millionar er føreslått sette av til den etterlengta fleirbrukshallen i Hyllestad, med første tildeling i 2019. Den første turnhallen i fylket vert etablert i Stryn, med Stryn turn og idrettslag som eigar. Hallen er prioritert i 2019 med ei tildeling på 4,5 millionar kroner.

Ti år fram i tid

For Sogn føreslår ein blant anna å prioritere Sogndal skisenter med fem anlegg og eit samla tilskot frå spelemidlane på ca. 3,5 millionar kroner i 2017 og 2018.

Det kom innspel på 197 anlegg, og fylkesrådmannen har funne plass til å prioritere 73 av dei i 2016–2019. I perioden frå 2015 til 2025 er det i Sogn og Fjordane planlagt fleire større anlegg styrte av regional plan med ei samla verdiskaping på om lag 1,2 milliardar kroner. Mykje av dette gjeld også rehabilitering av symjehallar og idrettshallar, opplyser fylkeskommunen.

Satsar på aktiv skule

Planen omhandlar meir enn anlegg. Fleire aktørar samarbeider om tiltaka i hovedprogrammet, og blant dei nye prioriterte satsingane er:

·         Styrking av rammevilkåra til frivillig sektor.

·         Oppretting av friluftsråd.

·         Integrering i idrettslag.

·         Ein time fysisk aktivitet kvar dag i skulen.

·         Gratis heiskort til alle fjerdeklassingar.

·         Etablering av ei felles heiskortordning blant skisentra.