Ein pågåande, utanlandsk nisseseljar var rundt på dørene til ulike omsorgsbustader i Stryn sentrum i går ettermiddag og utover kvelden. No åtvarer både politiet og heimesjukepleien om mannen.

- Vi har fått melding om ein pågåande seljar av utanlandsk opphav, som går på dørene hos eldre folk. Viss folk føler at han er ubehageleg, må dei avvise han. Det skal ha vore tilsvarande hendingar på Eid og, seier lensmann i Stryn og Hornindal, Lasse Trosdahl, som ønskjer at folk skal vere førebudde viss han skulle dukke opp att.

Hjelpepleiar Kari Kvåle Faleide i heimesjukepleien fortel at mannen snakka bra norsk, og truleg er av aust-europeisk opphav. Måndag ettermiddag og utover kvelden var det fleire eldre som kjøpte små julenissar av mannen.

- Han gjekk rundt på omsorgsbustadane, ringde på og gjekk rett inn. Her bur det til dels folk som ikkje klarar å røre på seg. Ein del opplevde oppførselen hans som truande, og han følgde etter dei inn i leilegheitene, fortel Kvåle Faleide. Dei vil gjerne ha tilbakemeldingar viss fleire får besøk. Ho oppfordrar også om å spørje om seljaren har salsløyve, då brukar dei oftast å reise vidare relativt fort.