Mellom 5.000 og 10.000 menneske møtte til stor-mobilisering for kirurgisk akuttberedskap ved Volda sjukehus tysdag kveld, dei fleste av dei med faklar som lyste opp heile sjukehusområdet. Mange heldt appell med fokus på kor viktig akuttkirurgi er for heilskapen på lokalsjukehuset, både legar, ordførarar og forkjemparar for sjukehuset på begge sider av fylkesgrensa. Også stortingsrepresentantane Kjersti Toppe Og Per Olaf Lundteigen (Sp) møtte for å lytte og snakke til dei frammøtte.

Dei mange tusen frammøtte viste i dobbel forstand eit glødande engasjement for sjukehuset. Per Johan Ramsli i sjukehusaksjonen poengterte at det utan akuttkirurgi i Volda vil vere fem timar mellom sjukehusa i Ålesund og Førde.

- Køyrer ein fem timar på austlandet, passerer ein mange sjukehus på vegen. Vi krev likeverdige helsetilbod for alle, sa Ramsli, med klar adresse til helseminister Høie.

Stig Olav Lødemel, ordførar i Hornindal, var ein av mange som poengterte at Kvivsvegen opna ein ny region som ikkje harmonerer med fylkes- og helseføretaksgrenser.

- Men folk har tilpassa seg den nye regionen. For dei fleste i Nordfjord er Volda det næraste sjukehuset med akuttberedskap. Vi kan ikkje akseptere at helseføretaka vernar om pasientgrunnlaga på bekostning av innbyggjarane sitt beste. her har vi som politikarar ein jobb å gjere, sa Lødemel.

Synnøve Rekkedal Hill, pensjonert sjukehustilsett i Volda, er kvinna som sette i gang fakkelaksjonen etter at helseministeren førre veke la fram tilråding om nedlegging av akuttkirurgi i Volda.

- Det er fantastisk å sjå engasjementet. Her er jo nærare 10.000 menneske frå Sunnmøre og Nordfjord. Betre signal til ministeren kan vi ikkje gje. I januar vil vi invitere alle ordførarane på søre Sunnøre og i Nordfjord til møte på sjukehuset for å følgje opp. Det er no jobben startar, seier Rekkedal Hill.

Frå venstre stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen, Volda-ordførar Jørgen Amdam, Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel og Ørsta-ordførar Stein Aam samla bak same krav; å behalde akuttkirurgien ved Volda sjukehus.
Synnøve Rekkedal Hill bad folk stille opp for sjukehuset, og fekk enorm respons i form av eit folkehav på nærare 10.000 menneske. Foto: Bengt Flaten