Verken næringslivet i Stryn  eller fylkesopplæringsnemnda vart høyrde då hovudutval for opplæring i fylket vedtok utdanningstilboda ved dei vidaregåande skulane i fylket for neste skuleår.  Kravet var at skulen må få tilbakeført VG1 innan teknikk og industriell produksjon (TIP) frå neste skuleår. Dette blant anna ut frå behovet for nærleik til å rekruttere arbeidskraft til dei ulike bransjane.

Endringa som vart gjort ved Stryn vgs samanlikna med tilbodet inneverande skuleår, er at VG3 studiespesialisering vert auka med ei gruppe medan VG 3 idrettsfag ikkje vert lyst ut.

Skulen får tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, byggteknikk, helse- og oppvekstfag, helsearbeidarfag, service- og samferdsel, salg, service og sikkerheit, reiseliv, transport og logistikk og studiespesialisering. Totalt 14 grupper og 294 plassar.