Administrerande direktør Dagfinn Neteland går av 1. januar medan dei aksjonærvalde styremedlemene Reidar Sandal, Heidi Kathrin Osland, Nils R. Sandal, Lars Birkeland og Jan Kildal trekkjer seg frå Fjord1-styret. Dette som ein klar og reaksjon på fylkestinget sitt vedtak og prosess rundt salet av Fjord1, vedteke med knappast mogleg fleirtal 23. november.

Fjord1 sendte torsdag morgon ut følgjande pressemelding der selskapet kjem med skarp kritikk av prosessen rundt salet:

Dei aksjonærvalde styremedlemmene som ikkje har eigarinteresser, trekkjer seg frå Fjord1-styret. Dagfinn Neteland går av som adm. direktør i Fjord1 AS.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok 23. november 2015 å selje aksjane i F1 Holding AS til Torghatten ASA. Det inneber eit stegvis sal ved at fylkeskommunen først sel 50 pst. av aksjane. Torghatten ASA får ein rett til å kjøpe dei resterande 50 pst. av aksjane 1. januar 2017. Om kjøparen ikkje bruker den nemnde retten, har fylkeskommunen høve til å selje den siste delen av aksjeposten sin etter 1. januar 2019.

Styret i Fjord1 AS har i møte 16. november 2015 uttalt at direkte eller indirekte overdraging av eigarinteresser til ein konkurrent tener verken selskapet eller aksjonærfellesskapet. Fjord1 AS er i dag den største og leiande aktøren i den innanlandske ferjenæringa. Om det skal skje ein ytterlegare konsentrasjon, frå fire til tre aktørar, utan at nødvendig konkurranse i anbodsregimet blir undergraven, bør Fjord1 AS vere overtakande selskap eller på annan måte vere førande i konsolideringa slik at kostnads- og inntektssynergiar først og fremst kjem aksjonærfellesskapet til gode.

Eit sal til Torghatten ASA kan vere krevjande å få godkjent av Konkurransetilsynet. Usikkerheit og ventetid på utfallet vil vere uheldig for selskapet.

Minoritetseigaren Havilafjord har varsla at eit vedtak i fylkestinget om å selje aksjane i F1 Holding AS vil bli prøvt i rettsapparatet. Ein konflikt for domstolane mellom eigarane vil vere skadeleg for Fjord1 AS.

Det skal liggje føre ein aksjonæravtale mellom to av tre eigarar, noko som vil vere kimen til vedvarande motsetningsforhold og konflikt så lenge fylkeskommunen har eigarskap i selskapet.

I den lange perioden som Sogn og Fjordane fylkeskommune har brukt på å greie ut og vurdere eigarposisjonen med tanke på eit eventuelt sal, har selskapet aldri vore spurt om kva som vil vere til det beste for Fjord1 AS.

Som det er gjort greie for ovanfor, er det eit klart avvik mellom vedtaket i fylkestinget 23. november 2015 og styret si fråsegn i saka datert 16. november 2015. På dette grunnlaget trekkjer følgjande styremedlemmer i Fjord1 AS seg frå verva sine:

  • Reidar Sandal

  • Heidi Kathrin Osland

  • Nils R. Sandal

  • Lars Birkeland

  • Jan Kildal

På same grunnlag som det er gjort greie for ovanfor, har Dagfinn Neteland gitt melding om at han går av som adm. direktør i Fjord1 AS. Han vil stå i stillinga til 31.12.2015.