Etableringa av Stryn statlige mottak for asylsøkjarar har ifølge helse- og sosialsjef Berit Wetlesen gått etter planen.

- Det har vore ein god start, konkluderte ho etter å ha oppdatert helse- og sosialutvalet om det som skjer i Innvik. Utvalsmedlem Astrid Drageset Raftevold som sjølv bur i bygda, stadfesta positiviteten som rår.

- Mottaket i Innvik har per i dag 17 asylsøkjarar, alle frå Syria. Ved utgangen av inneverande veke vil talet vere 40, fortalde Berit Wetlesen.

Stryn kommune ventar på at dei skal få tilsett sjukepleiar. Men når det gjeld legetenesta, har ein allereie gode tilbakemeldingar.

- Ein av kommunen sine legar som sjølv kjem frå Syria, vil ha 20 prosent av stillinga knytt til asylmottaket. At dei første 17 som kom til Innvik blei møtt av ein lege som snakka språket deira, vart veldig godt motteke. opplyste Berit Wetlesen.

Helse- og sosialsjefen kom også med opplysningar som tilseier at Stryn kommune får meir inntekter enn utgifter på mottak av flyktningar.

- Så dette ser bra ut, slo Berit Wetlesen fast.