Med underskrifter frå Coop Vest Eigedom, Stryn kommune og HS Bygg AS er det definitivt klart at Coopbygget vert realisert.

- Det har vore ein lang prosess. Difor er eg veldig glad for at vi no er i mål, sa ordførar Sven Flo. I dag signerte han kontrakta på den delen av bygget som kommunen kjøper. Denne kontrakta utgjer i overkant av 66 millionar kroner. Heile prosjektet er kalkulert til om lag 140 millionar kroner, inklusive moms.

Etter signeringa var det synfaring på byggjeplassen. Frå venstre: Arild Meisterplass, Per Kristian Storevik, Dina Yri, Knut Arild Løvdal og Per Eilert Ommedal. Foto: Harald Vartdal

Coopbygget får grunnflate på 2.000 rutemeter. I underetasjen blir det parkeringskjellar med plass til 70 bilar. Det meste av første etasje skal nyttast til Coop Extra-butikk, men der blir også plass til Vitus Apotek.

HS Bygg er allereie godt i gang med grunnarbeidet på Essotomta i Stryn. Foto: Harald Vartdal

Stryn kommune kjøper godt og vel halve andre etasje, der det skal etablerast legekontor og helsestasjon.  I toppetasjen skal kommunen ha ni omsorgsbustader.

- Heile bygget skal stå ferdig våren 2017, opplyser Dina Yri, byggjeleiar HS Bygg.

Les meir om saka i papiravisa fredag.