Sjukehustilbod engasjerer. Helseminister Bent Høie uttalte at det var blitt roleg etter endringane som er gjort ved Nordfjord sjukehus. Det tyder på at han ikkje har følgd med i timen eller har vore selektiv i kven han har rådført seg med. Ordføraren i Stryn som og var leiar i Nordfjordrådet førre periode reagerte raskt med å love at det ikkje vil bli roleg. Og han gjorde det klart at det ikkje er det sjukehuset vi har fått, ordførarane og politikarane i Nordfjord har kjempa for.

Nettopp av den grunn stilte nordfjordingar opp, skulder ved skulder med sunnmøringane, under fakkeltog og markering for Volda sjukehus tysdag kveld. Svært mange i Nordfjord nyttar tilbod ved Volda sjukehus når Førde er alternativet. Rett og slett på grunn av avstand. Kravet frå Nordfjord er at bebuarane her må få bruke Volda sjukehus også som akuttsjukehus, sjølv om det ligg i eit anna helseføretak. Nye vegsamband gjer at Volda har kome mykje nærare indre Nordfjord. Dersom helseministeren ser på regionen utan å låse seg til gamle grenser, har Volda sjukehus eit omland på 65.000 – 70.000 menneske. Med andre ord meir enn rikeleg for å behalde akuttkirurgien han sjølv seier bør ryke for sjukehus med opptaksområde på under 60.000 – 80.000 menneske.

Stemninga under fakkelaksjonen i Volda var ikkje til å misforstå. Mange av dei som kom med appell og mange av dei mange tusen med faklar gav klart uttrykk for at nok er nok. Vi som bur i regionen beståande av søre Sunnmøre og Nordfjord har same krav på tryggleik som folk på Austlandet. Det er heilt uakseptabelt å ende opp med kirurgisk akuttberedskap berre i Ålesund og Førde, og ingen ting i mellom. Ryker kirurgisk akuttberedskap i Volda er det og stor fare for at fødeavdelinga ryker. I så fall må samtlege på søre Sunnmøre over fjorden med ferje til Ålesund for akutte innleggingar, medan alle i Nordfjord må køyre to-tre timar til Førde. Dette, helseminister Bent Høie, er ikkje å gje folk i landet gode og likeverdige sjukehustilbod. Dette er å dele landet i A og B-lag.

Bengt Flaten

ansvarleg redaktør