Kommunestyret i Stryn har samrøystes vedteke å yte driftstilskot til Stryn Vinterski AS på 300.000 kroner. I vedtaket ligg det at kommunen senare i eiga sak må handsame årleg driftsstønad som startkapital til utbetaling i innleiinga av nye sesongar.

I kommunestyret tok Astrid Drageset Raftevold (Sp) ordet. Ho stilte seg positivt til Stryn Turn & IL som ny eigar, at dette kanskje kunne gje meir stabil og sikker drift. Ho poengterte at sjølv om ho røysta for denne gongen, kunne ikkje Senterpartiet love det same i framtidige budsjettsaker.

Kåre Tonning og Klemet Bø gjekk av som ugilde i denne saka og vart erstatta av Nils Jørgen Omberg og Joar Strand.