I 17-tida vart E39 Skredestranda opna etter å ha vore stengd i litt over eit døgn.

- Fartsgrensa er nedsett til 50 km/t forbi rasstaden, opplyser Margot Åsebø, seksjonsleiar i Statens vegvesen. Som legg til:

- Det gjenstår ein god del opprydding på rasstaden. Dette arbeidet startar vi med måndag morgon. Då kan det bli opp til ein halv times ventetid.