- Slik som det ser ut no (13-tida), forventar vi at vegen i Skredestranda kan opnast klokka 17. Men så lenge arbeidet pågår for fullt, er det vanskeleg å gje eit eksakt tidspunkt, seier Margot Åsebø, seksjonsleiar i Statens vegvesen.

- Korleis går arbeidet?

- Vi har fått rydda ein del av massane, og det er i gang arbeid med å få opna kummane som leiar vatnet. Men det gjenstår framleis ein del jobb før trafikken kan setjast på. Slik det ser ut no, kan opninga skje i 17-tida, opplyser Åsebø.