Stryn kommune skriv i brev til leiinga av Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit at det vil bli ei avklaring på framtida til Utstillingshallen.

- Kommunen avventar no ei tilbakemelding frå idrettslaget, der dei skal gjere greie for planane sine. Når vi får vite meir om dei, vil det verte laga ei politisk sak der vi må ta med alle omsyn i saka, vert det opplyst.

Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit viser til at Utstillingshallen betyr mykje for deira aktivitetar. Difor reagerte dei sterkt på følgjande formulering i eit tidlegare svarbrev frå Stryn kommune: "Uavhengig av eigarforhold har administrasjonen i utgangspunktet ikkje særleg motførestillingar mot at hallen nord/sør vert riven."

- Dette har ikkje vore noko tema i den veldig lange prosessen som har pågått mellom kommunen og laga i og rundt Utstillingshallen. Våre lag sine aktivitetar er avhengig av Utstillingshallen, hallen er bygd for laga sine aktivitetar, han er også bygd opp av laga, og er svært viktig for laga sine hovudgjeremål, påpeikar leiinga i Indre Nordfjord Fjordhestlag og Stryn Sau og Geit.