Dersom forslaget til reguleringsplan for Grodås sentrum vert vedteke, vil 1/3 av Cooptomta få status som park/friluftsområde. For den resterande delen av arealet mellom hovudgata og Hornindalsvatnet, er det forslag om føremål kontor, forretning og bustader.