E39 Skredestranda vart opna laurdag i 17-tida etter å ha vore stengd i vel eit døgn. Sjølv om begge køyrefelta no er rydda, gjenstår det ein god del arbeid.

- Statens vegvesen startar opp att ryddearbeidet måndag morgon. Då kan det bli opp til ein halv times ventetid, seier seksjonsleiar Margot Åsebø til Fjordingen.

Stein og jord kom rasande ned frå dette juvet. Som ein ser av bildet, er det store massar som tettar kummane som fører vatnet under vegen.