Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har sett av 260.000 kroner til samlingar og andre tiltak som skal få ungdomen til å engasjere seg i arbeidet med ny kommunestruktur.

- Ungdomen må involverast,  er den klare meldinga frå prosjektleiar Kåre Træen hos fylkesmannen. Som poengterer at ungdomen ikkje berre må iinformerast, men også engasjerast.

I mail til kommunane skisserer Træen ulike løyvingar for involvering, t.d. samarbeid med vidaregåande skular og kontakt med ungdomsråda.

- Ein må møte ungdomen etter deira ønskje, understrekar Kåre Træen.