Dersom kommunestyret fylgjer tilrådingane frå utviklingsutvalet og formannskapet, vil Hornindal kommune bruke 8 millionar av fondsmidlane til utbygging av ny skule i 2017. Der ramma er redusert frå 25,1 til 15 millionar kroner.

I framlegget til 2016-budsjett ligg der ein million til utarbeiding av forprosjekt.

- Arbeidet med forprosjektet vil vise kva vi får for 15 millionar, sa ordførar Stig Olav Lødemel (H) i formannskapsmøtet tidlegare i veka.

Med ei utbygging til 15 millionar - og der ein nyttar 8 mill. av fondsmidlar og tek omsyn til moms- og rentekompensasjon - vil ein klare seg med låneopptak på 4,3 millionar kroner.