(NPK): Endå fleirecruiseturistar vil oppleva fjordane på Vestlandet neste år. Restenav landet må derimot bu seg på nedgang i cruisetrafikken, viser nyetal. Det går fram av prognosen norske hamner har rapportert inn forinnmelde stopp, fortel frå Cruise Norway.

Heile auken i 2016 erventa å koma på Vestlandet inkludert Trondheim, skriv selskapet iei pressemelding.

– Fjordcruisa er svært populære. Dei gjev ein finmiks av fjord og by. Og med den korte seglingsavstanden mellomhamnene får turistane oppleva mykje på kort tid, seier dagleg leiarfor Cruise Norway, Sandra Diana Bratland. Ho legg til at ein annanfordel med hamnene på Vestlandet er at dei ligg geografisk nærtStorbritannia og Tyskland.

Over 2 millionar dagspassasjerar I dei17 hamnene i Vestlandsregionen er det venta at talet på stopp vilauka med 6,5 prosent til 1.203 stopp. Talet på dagspassasjerar erventa å gå opp med heile 13,1 prosent til 2,06 millionar. Tilsamanlikning er det venta at talet på dagspassasjerar i Region Nordvil gå ned med 8,9 prosent og talet på stopp med 16,6 prosent.Trenden er den same for Region Sør-Aust der det neste år er venta6,8 prosent færre dagspassasjerar og 6,1 prosent.

– Biletet for2016 er altså blanda. Det er færre som kjøper lange cruise i Noreg,men Vestlandet og dei kortare Fjordcruisa er meir populære ennnokon gong, og samla blir det ein markant auke for landet settunder eitt, seier Bratland. Bergen og Geiranger på topp Bergen ogGeiranger er dei mest populære hamnene.

Bergen må neste år bu segpå heile 300 cruisestopp og 450.000 cruiseturistar som kjem pådagsbesøk.

– Det er ein markant auke i cruisetopp frå 276 i år,skriv Cruise Norway. Målt i stopp er Geirangerfjorden nest mestpopulært. Deretter følgjer Stavanger, Flåm, Ålesund, NordkappHonningsvåg, Nordfjord-Olden, Oslo og Kristiansand.

Bratland meiner auken i cruiseturistar er godt nyttfor mange lokalsamfunn langs kysten. – Turistundersøkinga Cruisesom Statistisk sentralbyrå (SSB) utførte i fjor på oppdrag fråInnovasjon Noreg viste at cruiseturistane er dei mest nøgdeturistane i Noreg. I tillegg til at dei gjev god marknadsføring avlandet vårt, brukar kvar cruisepassasjer rundt 860 kroner per daghos lokalt næringsliv. Vidare betalar reiarlaga rundt 300 millionarkroner kvart år i hamneavgifter, los andre avgifter og vederlag,seier ho. (©NPK)