I helga, under tinget til Sogn og Fjordane fotballkrins, vart Evy Mariann Rossetvik frå Stryn Turn & IL valt inn som styremedlem. Dette i tråd med innstillinga frå valkomiteen.

Ho tykkjer det er litt tidleg å seie noko om arbeidet som ventar, men nokre føringar ligg der allereie.

- Arbeid med strategiplan for 2015-2018vil nok vere viktig arbeid for styret framover. Kvalitetsklubbprosjektet, Spelarutvikling 13-16 år,jente- og damefotball og auka fokus på barnefotball er alle viktigeområde som både forbund, krets og klubbane vil jobbe med framover.Overordna for arbeidet er å få med flest muleg, lengst muleg til åbli best muleg, seier den nye styremedlemmen.

Styret elles er sett saman av leiar Robert Endestad (Tempo IL) nestleiar Rune Sunde (Eid IL), styremedlemmane Jon Georg Rutledal (TMFK), Geir Thomas Espe (Anga FK), Marianne Aakre Laugerud (Førde IL) og  Inge Seglem frå Årdalstangen IL.

På krinstinget vart det også delt ut ei rekkje prisar og utmerkingar. Mellom anna kunne Stryn sitt smågutelag motta synleg bevis som krinsmeistrar.