Tysdag er 1. desember og då kan Fjordingen som tidlegare nemnt lokke med julekalender på si nettside. Sjå tidlegare sak her.

Den pensjonerte trappesnikkaren og småbrukaren Gudvald vil kvar dag fram til julaftan utfordre deg på dialektord frå Nordfjord. Dagsvinnarar blir kåra kvar ettermiddag og offentleggjort på vår nettside.

Så i morgon er det berre å besøkje fjordingen.no og teste dialektkunnskapane!