Greiner frå tre bidrog til brann i ei høgspentlinje i Oldedalen i føremiddag.

- Det var skog og kvist som hadde teke fyr, men folk var raskt på plass og ordna opp, seier dagleg leiar i Stryn energi Jan Træen.

- Stort problem

Han seier det truleg er snøen som har tynga greinene og bidrege til brannen. Skog som veks opp ved høgspentlinjene er eit stor utfordring for kraftselskapet, seier Træen.

- Vi ryddar men rekk ikkje over alt. Eg har nesten inntrykk av at det veks fortare no enn før. Det er ei kjempeutfordring med alle granene som vart planta for 60-70 år sidan og som ikkje blir hogde, seier Træen.