Trond Teigene (47) er mannen som skal leie Sparebanken Sogn og Fjordane når Arvid Andenæs takkar for seg til våren etter 15 år i sjefsstolen.

- I konkurranse med sterke kandidatar er det særs gledeleg at deter ein av bankens eigne som utmerka seg som best kvalifisert forstillinga. Eg er såleis særs tilfreds med at det er Trond Teigenesom skal ta over stafettpinnen frå Arvid Andenæs som nyadministrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, seierstyreleiar Hallgeir Kleppe i ein kommentar.

I Sparebanken Sogn ogFjordane har Teigene hatt ulike roller både frå kundesida ogorganisatorisk, han har leia større prosjekt og banken sineprosessar innan teknologi, innovasjon, omstilling og strategi.

- Trond Teigene er utviklingsorientert, har brei og solid erfaringfrå bank / finans og som leiar i større miljøverksemder. Teigenehar såleis dei beste føresetnader for å leie og utvikle SparebankenSogn og Fjordane både organisatorisk og ikkje minst digitalt i tidasom kjem, seier Kleppe.

- Eg ser fram til å ta fatt på oppgåva somny administrerande direktør for Sparebanken Sogn og Fjordane, og ersvært motivert for å utvikle banken vidare i lag med tillitsvaldeog tilsette. Banken har ei viktig rolle i fylket og det er høgeforventningar til oss, uttalar Teigene i ei pressemelding.

Teigene har ei mastergrad istrategisk leiing frå Handelshøyskolen BI, og kjem frå stillingasom direktør for Strategi og Forretningsutvikling. Teigene bur iFlorø med sambuar og fire born. Han tiltrer stillinga 1.april.