Ein person er anmeldt og vil bli bøtelagt etter å ha fanga rev i revesaks. Det opplyser politibetjent Mathias Engeset.

- Revesaksa var sett opp langs ein trafikkert veg i Stryn kommune og vart oppdaga av forbipasserande. Ein rev hadde sett seg fast og leid smerte. Reven vart avliva av sivile. Politiet ser alvorleg på saka, både fordi revesaks er ulovleg å bruke og fordi slik reiskap kan vere til fare også for andre dyr og også for menneske, seier Engeset.