Snømangelen gjer det vanskeleg å vere arrangør av vintersport. Etter den opphavelege terminlista skulle det arrangerast norgescuprenn i hopp i Bjørkelibakken helga 23.-24. januar. Men no har IL Veten fått byta rennhelg med Sprova, slik at arrangementet er flytta til 27. februar.

- Då vi såg snøen forsvann i jula og det var dårlege utsikter for snø dei næraste 14 dagane høyrde vi med skiforbundet om det var muleg å byte med ein annan arrangør. Det fekk vi klarsignal på i helga, fortel Oddvin Myklebust i IL Veten.

Han seier dei var opptekne av å ikkje avlyse, og er glade for at det ordna seg på denne måten.

- Det er kjempeviktig for oss å få behalde rennet, men samstundes trur eg ikkje det er slik at vi kjem i eit dårleg lys om det skal vise seg at vi må avlyse. Eg trur ikkje forbundet tvilar på at vi legg oss i selen, seier Myklebust.

Men det er kun natursnø som kan redde arrangementet siste helga i februar.

- Vi har ikkje noko anna å hjelpe oss med, og det er ikkje noko snø å køyre til frå bøane ikring heller, seier han.