Det vart siger på dei norske skiskyttarherrane i verdscupstafetten fredag ettermiddag. To brør frå Stryn var kanskje dei viktigaste bidragsytarane til det.

Ole Einar Bjørndalen var sett til jobben å gi laget ein god start, men det gjekk ikkje heilt etter boka.  Han måtte ty til fem ekstraskot for å få ned dei ti blinkane, og veksla omlag halvminuttet bak leiande Tyskland.

Men Johannes T. Bø synte imponerande fart i løypa, og ved første skyting hadde Norge kontakt med dei leiande laga. Med to fulle hus var plutseleg Norge med i tetstriden - i rygg på franske Martin Fourcade.

Sjølv om den ryggen forsvann for Bø, var Norge bokstavleg talt innan skothald då Tarjei tok fatt på den tredje etappen. Også Tarjei gjekk godt, og sjølv om han måtte ty til fleire ekstraskot var det andre løparar som fekk det tøffare. Ved veksling hadde Tarjei sytt for heile 1,10 minutts leiing føre Frankrike og Austerrike.

Emil Hegle Svendsen heldt godt halvvegs på ankeretappen, men med ein mellomrunde under pari og kluss på standplass vart det på ny eit snev av spenning i stafetten. Men Norge sigra til slutt med 15 sekunds margin til Russland.