(NPK): Fleire stader i Eid i Sogn og Fjordane skal folk haobservert ulv den siste tida, men utan at Statens naturoppsyn kanstadfeste det. Leiar Arne Dahl i Eid Geit og Sau er sikker på atspora han såg sist laurdag, var ulvespor, og ifølgje FjordenesTidende skal folk ha observert ulven fleire stader i området ògheilt inn mot sentrum i Nordfjordeid.

- Det var noko stort somhadde gått der, men det hadde komme nokre millimeter nysnø, så detvar vanskeleg å få tatt noko skikkeleg bilete av det, seier ArneDahl til NRK.

Bøndene har dei siste dagane samla inn hårprøver iskogen, men rovviltansvarleg Rein Arne Golf i Statens naturoppsynseier han ut ifrå dokumentasjonen han har fått, ikkje kan stadfesteat det har vore ulv i Nordfjordeid.

- På bileta eg har fått inn,klarer ikkje eg å sjå at det er ulv. Det manglar mellom annamålestokk i biletet. Det er òg vanskeleg å skilje mellom hund ogulv. Dersom vi skal vere sikre på at det er ulv, må vi kunne følgjesporet over eit stykke for å sjå korleis det oppfører seg iterrenget, seier Golf.

Også i fjor skal ulven ha vorte observert iEid, men utan at jakta da gav noko resultat. Fellingsløyvet gjeldut mars om nokon skulle råke på rovdyret. (©NPK)