Ordførarane Alfred Bjørlo og Sven Flo vil på Stryn Treskifestival få konkurranse frå sine kolleager Leidulf Gloppestad, Stig Olav Lødemel og Kristin Maurstad.

- 20.februar er det klart for Stryn Treskifestival, den sjuande i rekka. I fjor vart det sett ny deltakarrekord. Over 200 barn og vaksne kledde seg ut og gjekk lengderennet i Stryn sentrum. Dei knappe 90 vaksne alle med treski. Stryn Treskifestival er blitt ein skikkeleg folkefest. I tillegg til dei par hundre som er med å går skirenn, er det samla hundrevis av menneskje kring - og i, det store festivalteltet i sentrum. I år får festivalen besøk av ikkje mindre enn fem ordførarar (så langt). Kristin Maurstad, ordførar Vågsøy, Leidulf Gloppestad, ordførar Gloppen, Alfred Bjørlo, ordførar Eid, Stig Olav Lødemel, ordførar Hornindal og Stryn sin eigen Sven Flo har alle meldt sin ankomst til festivalen. I tillegg til å vere med på treski, kjem dei fem også til å bli utfordra i ein stafett som inneheld saging med tomannssag, staurbering og gjerdekliving med ski på beina, skriv arrangøren i ei pressemelding.