I ei pressemelding frå Nordfjordrådet gjer dei det klart at dei stiller seg bak og støttar opp om fylkestinget sitt vedtak om Rv 52 Hemsedal, med tilkopling av Rv 5 og ferjefritt samband Mannheller – Fodnes, som aust-vest trasé.

Nordfjordrådet meinar Rv 52 over Hemsedal er det vegvalet som vil tene fylket og region best, noko også transportnæringa, samt NHO i Sogn og fjordane og Møre og Romsdal er tydelege på.

Dei skriv vidare at Nordfjordrådet meinar ein må stå fjellstøtt og samla om dette, når det no tyder på at kampen kan stå mot Rv 7 over Hardangervidda.

- For nordvestlandet vil det verte eit tilbakesteg om ein landar ned på at ingen av trasévala går gjennom Sogn og Fjordane, står det i brevet underteikna dei seks nordfjordordførarane.

Strynefjellet

Nordfjordrådet er óg tydelege på at ny tunnel på Rv 15 Strynefjellet, Skåre-Breidalen med arm til Geiranger må setjast i gong. Strekninga ligg inne i NTP (nasjonal transportplan) og midlane er sett av.

- No må regjeringa følgje opp, slik at dette viktige arbeidet vert gjort, skriv dei i brevet.